Nedstrand båtforening


Båtforening og gjestehamn

Nedstrand ligg flott til i Ryfylke der Boknafjorden og Vindafjorden møtest, skjerma for nordavinden og med ein fantastisk natur. Båtforeninga har 123 faste plassar i flytebrygge med bølgedempar og plass til 20-30 gjestebåtar. Det er tilgang til straum og vatn i hamna og drivstoff frå automatpumpe like ved. Me har eit servicebygg i båthamna med dusj og toalett samt vaskemaskin og tørketrommel. Dei lokale kjøpennene har eit utval av tau og anna utstyr til båt i tillegg til vanlege kolonialvarer. Butikkar og kafe er rett ved båtforeninga.

På denne heimesida vil du finne informasjon om båtforeninga og hamna vår til medlemmar og gjester. Vi vil også kome med informasjon om turalternativ og attraksjonar som er verdt å bruke tid på når du gjestar bygda vår. Velkommen!

Meir informasjon om Nedstrand her.


For å gå vidare kan du velje om du besøker sidene våre som gjest i båthamna eller som medlem av foreninga.

Nedstrand Båtforening
Organisasjonsnummer: 986 203 427
Kontakt: nedstrand.bf@gmail.com
Leiar: Ole Nordbø - tlf 976 62 611.
Kto 3332.20.08495
Webredaktør: Arne Myskja